Lån ei e-bok

Om du har lånekort hjå eit bibliotek i Hordaland, kan du låne ebøker til smarttelefonen eller nettbrettet ditt. Du kan også finne mange eldre, digitaliserte bøker i basane Open Library, Bokhylla.no og Bokselskap.no.

Biblioteka i Hordaland har lånt ut e-bøker sidan 2014. Utlånssystemet eBokBib består av ein app som du kan laste ned til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

Korleis låne e-bøker?

Her finn du rettleiing i utlånssystemet eBokBib

Problem?

Her finn du svar på vanlege spørsmål om eBokBib (FAQ)

Dersom du ikkje lukkast med å låne e-bøker i appen, så ta kontakt med biblioteket for å få hjelp.

Bokhylla.no

Her kan du søke etter gratis ebøker frå fleire kjelder, mellom anna i bokhylla.no. Open Library, Bokhylla.no og Bokselskap.no tilbyr frie ebøker. Det vil seie at ebøkene anten er gamle, slik at opphavsretten har gått ut, eller at ebøkene er frikjøpt, slik at alle kan nytte dei gratis. Bokhylla.no er berre tilgjengeleg frå norske IP-adresser. 

Søk i e-bok og PDF