biblioteka

Velkomen til biblioteka i Jondal, Odda og Ullensvang!

Her finn de

  • bøker, lydbøker og e-bøker for alle aldrar
  • filmar og musikk
  • lokalhistoriske samlingar
  • aviser, både papirutgåve og i digital fulltekst
  • digitale kvalitetsressursar
  • eit utval av både lokale og nasjonale tidsskrift
  • offentleg informasjon – både frå kommunane, fylkeskommunen og staten

Alle biblioteka har datamaskiner du kan bruke. Om du har med deg eigen datamaskin eller mobil eining kan du bruke bibliotekets trådlause nettverk gratis.

Arrangement

Biblioteka har jamnleg ulike typar arrangement – både for born og vaksne, til både glede og diskusjon. Fylg med på heimesida vår for informasjon.