Aviser og tidsskrift

Les nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

Avisforsider

PressReader gjev tilgang til over 6000 aviser og magasin frå meir enn 125 land på 60 ulike språk.

Her finn du gode nyhetskjelder på mange språk og magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir. Om du vil lære deg et nytt språk eller saknar lesestoff på morsmålet ditt, vil du finne mykje aktuelt stoff i denne tenesta.

På biblioteket

Bruker du ei av biblioteket sine datamaskinar, eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finne tenesta på https://www.pressreader.com/. For mobile einingar finst det ein app du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.

Du må vere pålogga i biblioteket for å få tilgang til PressReader, men etterpå kan du laste ned og lese aviser og tidsskrift heimefrå i inntil 72 timar.

Rettleiing

Her kan du laste ned ei brukarrettleiing (pdf)

Her finn du ei enkel brukarrettleiing på fleire språk

Her finn du filmar med rettleiing på engelsk